Lett tilgjengeleg i skogen kan de leike dykk igjennom den 900m lange tilrettelagte flytløypa for sykkel.
Skap gode ferieminne på Groven Camping
Nyt late dagar på Groven. Start dagen med eit forfriskande morgonbad og nyt den fyrste kaffikoppen i solveggen, med lyden av geitebjøller som kling i blomsterenga, medan du legg planer for dagens utflukt.
Utforsk den flotte naturen i Telemarks fjellheim med turstiar, skiløyper og akebakke, hels på geitekjeane våre, eller gå ned til sentrum for ein shoppingrunde. Skap gode ferieminne med kort avstand frå natur til eit levande handelssentrum. Me har opplevingar for ein kvar smak.
Utforsk dei spanande moglegheitene i vårt område
På campingplassen er det godt med aktivitetsmoglegheiter og tumleplass, og servicetilboda Åmot sentrum gjev er lett tilgjengelege herifrå. Det ligg godt til rette for å berre slappe av og kose seg her på plassen, men har du trong til å finne på litt, er det sjans til det også. Fine turområde i lune omgjevnader på staden kombinert med nærleiken til høgfjellsområda, gjev plassen eit stort mangfald i aktivitetsmoglegheiter, med barneaktivitetar, turgåing, fiske, sykling og kultur. I Vinje er det også store moglegheiter for å oppleva spanande tilbod av lokal mat og mange ulike kulturattraksjonar.
Me tilrår …
Vinjesenteret – eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalistane og diktarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Haldis Moren Vesaas.