Skogssti

Turstiar

Direkte frå plassen har du fleire flotte turstiar å velje mellom.

Kart og skilting finn du ved resepsjonen. Fløtarvegen og Ormetjønn er to av våre sentrumsnære favorittar. Her kjem du tett på natur, historie og kulturminne. Sjekk ut Visit Vinje for fleire turforslag, eller spør i resepsjonen.
Åmot er eit knutepunkte for vegnettet i Vest-Telemark og Groven blir den perfekte base for å utforske Vest-Telemark, også kjent som Fjell-Telemark. Gaustatoppen, Lårsdalstigen og Telemarkskanalen for å nevne nokre av dei poplære attraksjonane Vest-Telemark har å by på.

 

Kappelnuten og Funnlinuten

Kappelnuten er ein fin liten tur på ca 500m frå campingen, der du kan speide utover Groven Camping og Åmot, ein fin stad og nyte solnedgangen ein sein sommarkveld.

Start turen frå resepsjonen, følg grusvegen ned ved bobilplassane og ta fyrste til venstre. Kryss gangbrua, følg så vegen til juvbakk\steinmerre fram til du ser skiltet Kappelnuten\Funnlinuten på høgre side. Her er stien godt merkt.

Ønsker du ein lengre tur følger du den merkte stien vidare frå Kappelnuten. Funnlinuten er god sti i skogsterreng, kan ha nokre våte myrparti og nokre litt bratte stigningar. Er på ca 2.7km og toppen er på 650moh, her kan du nyte utsikten over Åmot.

 

Ormetjønn

Ormetjønn er eit flott turområdet for heile familien. Det er ein rundtur på ca 3km på skogsveg med avstikkarar til naturstiar om du ynskjer å forlenge turen.

Her er også ein flott badeplass med sandstrand, leikeapparat og flytebrygge med stupebrett. Som gjest på Groven kan du også få tilgang til robåtar og gratis fiske i tjernet. På vinterstid er dette lysløype for langrenn.

Ormetjønn ligger i Åmot sentrum, bak matbutikken Spar 300m frå Groven

 

Fløtarvegen

Gå i fotspora til tømmerfløterane langs Hyllandsfoss, og sjå dei massive steinmurane som blei bygd for å leie tømmer ned elva då den gjekk for fullt. Her har det vore aktivitet i hundrevis av år. Det er nesten så ein kan høyre tømmerfløterane rope over bruset frå elva, hammarslaga til smeden, og jubelen då kraftverket gav straum til gardane på Hylland. Her er også spor av møllene, der kornet blei male for å brødfø familiane i grenda.

Stien er om lag 1,2 km lang, og kan gjerne kombinerast med andre nærliggjande turstiar. Pakk sekken med lunsj og badetøy og nyt dagen!

Kulpen er ei badeperle langs elva, kor vinbygjane i generasjonar har bruka berghylla til springbrett. X´en er ein annan populær badeplass langs elva, og med den karakteristiske flate steinen er den perfekt til piknik. Hugs berre på at elva no er regulert, og at straum og vassmengde kan variere – så sjå forholda an og ver varsam!

Ynskjer du å gå litt lengre kan du til dømes leggje ruta om Hyljås. Denne fine turstien på om lag 1,5km fører deg til eit utkikkspunkt med flott utsyn over Hyllandshylen, og med med majestetiske Vehuskjerringa på 1356 moh kvilande i bakgrunnen.

0
Feed