Nyt eit opphald på vår sjarmerande camping
Hos oss finn du eit utval hytter, tilrettelagde bubilplassar og plassar for campingvogn og telt. Vel det alternativet som passer best for deg. Me har også fleire fasilitetar, som leikeplass, badedam, båtutleige og strand med flytebryggje og stupetårn ved Ormtjønnvatnet like ved. Campinga er bygd etter terrenget og har fleire nivå, noko som gjer plassen lun og skjermande.
Hytter
Me har ti fullberga heilårshytter med sengeplass til fem gjestar, inkludert stoge med open peis, kjøken og bad.
I sommarhalvåret har me ti enkle campinghytter med sengeplass for to til fem gjester.
Stor hytte
Me tilbyr ti nyrenoverte heilårshytter med kjøken og bad.
Hyttene har to soverom – eit soverom med enkel køyeseng og det andre med familiekøye (underkøya er 120 cm brei).
Stoge med hjørnesofa, 43” TV og peis med open eld, kjøken med innlagt vatn, komfyr, kjøleskåp, kaffitraktar og spisbord. Enkelt bad med dusj og toalett samt bu med fryseskap, ved og vaskesaker.
Obs!
Hund er tillat, men ikkje i senger og på møblar.
Det er ikkje tillat med sovepose eller lakenpose i hyttene våre, berre reint sengetøy.
Me tilbyr:
Me tilbyr: (Stor hytte)
-
Sengeplassar: Fem stykk, fordelt på to soverom.
-
Kjøkenkrok med komfyr, kjøleskåp, oppvaskmaskin, kaffitraktar og vannkokar.
-
Stoge med komfortabel hjørnesofa, peis og TV.
-
Bad med toalett og dusj.
-
Utemøblar.
-
Parkering ved hytta.
-
Gratis Wi-Fi.
Lita hytte
Tømmerhyttene våre er ombygde gamle tømrar frå Groven gard og nærområdet, og står på eit lite idyllisk tun. Tunet inneheld trev, låve, loft, stabbur, eldhus og «dobbelhytte».
Loftet er truleg ei av dei eldste campinghyttene i Noreg, med sine 700 år.
Hyttene har enkel standard, eittroms med kjøkenkrok, kokeplate og kjøleskåp, elles ikkje noko utstyr. Sanitæranlegg må nyttast for kjøken og bad. Oppsett av køyesengene varierer noko sidan nesten alle hyttene er ulike.
Du finn puter og dyner i hyttene, og det er lett tilkomst til leikeplass, geiter og badedam.
Obs!
Det er ikkje tillat med sovepose eller lakenpose i våre hytter, berre reint sengetøy.
Me tilbyr:
Me tilbyr (liten hytte)
-
Sengeplassar: Fire stykk.
-
Kjøleskåp og kokeplate.
-
Sitteplassar og bord.
-
Felles toalett, dusjar og kjøken.
-
Fellesstoge.
-
Parkering ved hytta.
-
Gratis Wi-Fi.
Camping
Me har 41 bubilplassar med eigen plen og straumtilknyting, moderne sanitæranlegg og frittståande tømmestasjon.
I tillegg har me omlag 50 plassar for campingvogn og telt, i nær tilknytting til vårt andre sanitæranlegg som er noko eldre men fungerar fint. Her finn du også campingens felles kjøkken.
Campingsesong frå påske til ut oktober. Vintersengt.
Me tilbyr:
Me tilbyr (camping)
-
Gratis Wi-Fi.
-
Myntautomat i dusj og vaskerom.
-
Drikkevannpostar.
-
Handikapbad.
-
Vaskerom og tørkerom.
-
Kjøken.
-
Opphaldsrom.
-
Tømmestasjon for gråvatn og campingtoalett.
-
Gode turmoglegheiter.
-
Sommarope resepsjon med servering.
-
Gratis båtutleige og fiske.
-
Sentrumsnært.
-
To sanitæranlegg.