17/01/2023
Attraksjonar
Forutan om aktivitetane på plassen har Åmot og området rundt mykje på by på. Her gjeng natur, kultur og historie hand i hand.
Me kan blant anna anbefale Vinjesenteret, som er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk. Idylliske Mjonøy med sin velsmakande gjærbakst.
Den flotte steinsette stien til Falkenuten, i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen, Møsstrond.
Groven camping er også den perfekte basen om du ynskjer å besøke Vest-Telemark sine mange kjende attraksjonar, som Gaustatoppen, Vemork, Telemarkskanalen, Lårdalstigen og Soria Moria – for å nemne nokre.
Sjå visitvinje.no for meir om attraksjonar, museum og tilbod i Vinje.