Sykkelløype

Lett tilgjengeleg i skogen kan de leike dykk igjennom den 900m lange tilrettelagte flytløypa for sykkel. 

Den har blå  gradering, og passar frå ca 7 år og oppover. Det er ei gruslagt rundløype som svingar seg igjennom skogen mellom portalen og hyttegrenda, store delar av løypa er også kloppa med trebruer. Den har element som hopp og små dropp, som kan nyttast for vidarekomne. Dette er med på å gjere løypa spennande for ulike aldrar og nivå.  Her ligg det godt til rette for å skape gode ferieminne.

NYTT HAUSTEN 2024: I enden av flytløypa finn du no hoppline for vidarekomne. Hugs nødvendig sikkerhetsutstyr når du leikar deg her. 

 

0
Feed