Vinterstengt for camping frå 1.november

Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Trugar

Trugutleige på Groven.

Trug er ein flott måte å oppleve naturen på, enten det er i skogen eller på fjellet. Du trenger ingen spesielle ferdighetar eller kunnskapar for å bruke trug. Kan du gå- kan du bruke trug! Du festar dei til vinterskoa og så er det berre å legge i veg.

Ta kontakt ved interesse.

Leie av trug: 200kr pr sett m/regulerbare stavar.

Spør oss gjerne om turforslag, campinga er blant annet eit flott utgangspunkt for trugtur.

060121_fausko_åmot_vinter_grovencamping_vinterbilder_truger_campingen_dokumentar-14

Praktiske tips for bruk av trug:

Fokuser på dei gode turopplevingane. Planlegg turen på forhand og hugs at du har mykje kortare rekkevidde på trug enn på ski.

Ha fokus på dei gode hyggelege nærturane, kor turopplevinga står i sentrum- og ikkje på kor mange kilometer man har gått.

Bruk alltid stavar. Det er ein stor fordel å bruke stavar når du gjeng på trug, spesielt om du har litt tyngre sekk eller gjeng i kupert skogsterreng. Stavar er eit godt hjelpemiddel når du klyv opp motbakkar, og det vil gje deg følelsen av å gå fortare og lettare på barmark. Stavar er også eit godt hjelpemiddel for balansen. Stavane bør vere 40-50 cm kortare enn deg og ha store laussnø trinser.

Husk å bruk gamasjar. Det er absolutt ein fordel med gamasjar eller høge sko. Med trug vassar du regelrett gjennom snoen i lang tid, og sjansen for å få sno i skoa er ganske høg.

Korleis gå på trug? Gå heilt vanleg diagonalgang, løft knea litt høgare enn vanleg og gå med bestemte skritt for å få best feste med broddane under bindingen.

Gå riktig i motbakkar

Det kan vere krevjande å gå rett opp bratte bakkar med trug. Eit godt tips kan vere å finne ei linje i terrenget kor du kan unngå dei brattaste partia, der du heller kan svinge deg oppover lia. Føre og snømengd spelar også inn.

Tenk sikkerhet! Unngå områder der man kan utløyse snøskred, les gjerne snøskredvarselet for ditt område om du planlegg topptur.

Meld alltid ifrå kor du går og hugs det er ingen skam å snu.

Kva skal eg ha på meg?

Bekledning skal vere varm, men ikkje for varm. Kle deg for aktivitet!

  • Trøye og stillongs.
    Ull er gull! Ull er temperaturregulerande, i kulde vil ull virke varmeisolerande. Ull trekker også til seg fuktigheit, flytter sveitte og fuktigheit bort frå huda.
  • Ullsokkar, for ein god turoppleving er det viktig å halde varmen på føtene.
  • Vintersko\ fjellsko. Trugbindingar fungerer med nesten alle typer sko, men den gjev ikkje beskyttelse mot kulde og fuktigheit. Fjellstøvlar og varme(ull) sokkar fungerer best.
  • Vindtette yttertøy, jakke og bukse.
  • Lue, hals og vottar.
  • Gamasjar, for ekstra beskyttelse mot fuktighet og sno ned i skoa.

Min tursekk er pakka med:

  • – Ekstra genser (gjerne ull) til å ta på eller av undervegs.
  • Ekstra ulltrøye og ullsokkar, i tilfelle man blir sveitt på vegen er det lurt å skift før ein rastar.
  • Ekstra vottar
  • Vann og termos med noko varmt å drikke i.
  • Mat og Kvikklunsj, viktig å fylle på med energi undervegs.
  • Sitjeunderlag, for å halde fua varm og tørr under pausa.
  • Hovudlykt, om man bommar på tida og det blir mørkt.
  • Fyrstikker og sportstape, er alltid kjekt å ha i sekken.
  • Kart og kompass, til lengre turar
  • Skredsøkar, ved behov på topptur- men anbefaler å halde seg unna skredfarlege områder.
  • Godt turfølgje og godt humør!

5 Gode grunnar for at me diggar trug

  1. Med trug kan du gå din heilt eigen veg og frihetsfølelsen er brusande.
  2. Det aukar sjansane for å få magiske møter med dyr og fuglar på nært hold.
  3. Trugar har svært låg brukarterskel. Kan du gå – kan du bruke trug!
  4. Betre trening for kropp og sjel skal du leite lenge etter.
    Styrke, kondisjon og naturopplevingar i eit.
  5. Truger er for kven som helst, når om helst og kvar som helst.

God tur!

Opplevingar

Attraksjonar

Forutan om aktivitetane på plassen har Åmot og området rundt mykje på by på. Her gjeng natur, kultur og historie hand i hand.

Sjå meir

Båt & Fiske

Det er mange fiskemogleghetar.
På plassen kan ein bruke stång i elvefaret eller i Ormetjønn (bilete).

Sjå meir

Takk for i år!

Vinterstengt for camping frå 1.november og fram til påske.  Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Har dere et prospekt som kan lastes opp på nett?