Vinterstengt for camping frå 1.november

Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Kiosk & Uteservering

I sommarmånadane er kiosken open. Her kan du bestille ferske rundstykker til frukosten, og du kan kjøpe is og enkel kioskvare. 

Me har også spennande produkt frå lokale produsentar, som prisvinnande ostar frå Lega, frisk bringebærlemonade frå Liengård og olivenolje frå Uliveti. Historiske forfriskingar frå Vinje bryggeri og lokal pizza kan nytast på staden.

Plassen har skjenkeløyve for skjenking av alkoholhaldig drikke.

Me fyrar opp bålpanna kvar kveld. Her kan du nyte sommarkvelden framfor flammene med gode samtaler om dagens opplevingar, og kanskje planlegge morgondagens utflukt. Kvar onsdagskveld i juli inviterer me bygdefolk og gjester til quiz. 

kgrillA
B50A0827
B50A0849
B50A0811

Opplevingar

Attraksjonar

Forutan om aktivitetane på plassen har Åmot og området rundt mykje på by på. Her gjeng natur, kultur og historie hand i hand.

Sjå meir

Båt & Fiske

Det er mange fiskemogleghetar.
På plassen kan ein bruke stång i elvefaret eller i Ormetjønn (bilete).

Sjå meir

Takk for i år!

Vinterstengt for camping frå 1.november og fram til påske.  Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Har dere et prospekt som kan lastes opp på nett?