Vinterstengt for camping frå 1.november

Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Om Groven

Litt historie

Groven Camping og Hyttegrend ligg på eit gamalt beiteområde til Groven gard, som du ser nord for plassen. Området husa ein brakkeby under kraftutbygginga av Tokkevassdraget, som blei avslutta tidleg på 60-talet. Det var i denne perioden ideen til campingplassen tok form.

Groven Camping hadde sin fyrste sesong sumaren 1965. Til opninga var, på den tida, eit toppmoderne sanitæranlegg og tre campinghytter klare. Det var sjølvsagt også plass til telt og campingvogner. Dei neste åra blei det bygd eit tun av campinghytter av gamle tømrer frå Groven gard og nærområdet. Tunet står framleis, og inneheld trev, låve, loft, stabbur, eldhus og «dobbelhytte». Loftet er truleg ei av dei eldste campinghyttene i Noreg med sine 700 år. Midt på syttitalet (1974) blei «hyttegrenda», dei store hyttene, ferdigstilte (10 fullutstyrte hytter) .

Under åras løp har det stadig blitt gjort utbyggingar, av kiosk, serveringsområde, leikeplassar, fellesstove, gamme, badedam, grillplassar med meire. Bubilområdet med tømmestasjon og eige sanitæranlegg sto ferdig i 2015. Vår 7 meter høge lafta portal stod ferdig våren 2021.

I dag

Groven Camping og Hyttegrend er eit godt utgangspunkt for fleire formål. Med plassering i Åmot/Vinje sentrum og ved E134, er me midt i mellom aust- og vestlandet, samstundes som me er tett på høgfjellsområda Rauland og Haukeli.

For dei som er på farten er plasseringa langs E134 og Åmot sentrum svært praktisk. For litt lengre opphald er Groven Camping eit godt utgangspunkt for å bruke høgfjellsområda Rauland og Haukelifjell, som båe grensar til Hardangervidda. Stader som Rjukan, Gaustadtoppen, Telemarkskanalen og Bø Sommarland er også innan rekkevidde.

På campingplassen er det godt med aktivitetsmoglegheiter og tumleplass, og servicetilboda Åmot sentrum gjev er lett tilgjengelege herifrå. Det ligg godt til rette for å berre slappe av og kose seg her på plassen, men har du trong til å finne på litt er det sjans til det også. Fine turområde i lune omgjevnader på staden kombinert med nærleiken til høgfjellsområda gjev plassen eit stort mangfald i aktivitetsmoglegheiter; barneaktivitetar, turgåing, fiske, sykling, kultur med meir.

I Vinje er det også store moglegheiter for å oppleva spanande tilbod av lokal mat og mange ulike kulturattraksjonar. Me nemner mellom anna Vinjesenteret, eit nasjonal senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalistane og diktarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Haldis Moren Vesaas. Senteret stod klart i 2021 og er absolutt verd eit besøk.

frmkdymxmdlpgrxlgk3q

k-DSC69281
Liten hytte
Liten hytte

Oftes stilte spørsmål

Har dere gratis Wi-Fi?
Ja! Gratis Wi-Fi til alle våre gjester. Nettet fungerar på heile området.

Er sengetøy og håndklær inkludert i prisen?
Det ligg dyner og puter i alle senger, men sengetøy og håndklær må medbringes eller leies av oss til kr.100,- pr. pers.

Er sluttvask inkudert i prisen?
Nei, sluttvask kostar 400kr i tillegg.

Kan me parkere ved hytta?
Ja det er parkering utanfor alle hyttene.

Kor lenge er resepsjonen open?
I høgsesongen er resepsjonen open frå 8-22. I lågsesongen er me alltid tilgjengelege på telefon. Ring, så er me i resepsjonen ila. 5 min.

Når kan ein sjekke inn?
Innsjekk frå kl. 14 i lågsesongen, og frå kl. 15 i høgsesong.

Når må ein sjekke ut?
Hytter innen kl.12 i lågsesong og kl. 11 i høgsesong.
Bobiler, vogner og telt innen 14.

Er det lov med kjæledyr i hyttene?
Ja, det er lov med kjæledyr i hyttene men ikkje i senger og møbler.

Har dere opent heile året?

Ja, her er du alltid velkommen!

Ligg campingplassen langt frå Åmot sentrum?
Frå oss er det ca. 5 minutters gangavstand til sentrum. Samtidig ligger plassen barnevennlig og skjerma i lunt skogsterreng. Med skulen og idrettsbanen rett over vegen.

Takk for i år!

Vinterstengt for camping frå 1.november og fram til påske.  Sanitæranlegg og camping blir stengt,  hytteutleige ope som normalt. Takk til alle som besøkte oss i 2022 og velkommen tilbake frå sesongstart påska 2023.

Har dere et prospekt som kan lastes opp på nett?