Ein campingplass med mykje historie

Nyt eit fint opphald hos oss på Groven

Kontakt oss

Camping i fjellheimen sidan 1965

Groven Camping og Hyttegrend ligg på eit gamalt beiteområde til Groven gard, som du ser nord for plassen. Området husa ein brakkeby under kraftutbygginga av Tokkevassdraget, som vart avslutta tidleg på 60-talet. Det var i denne perioden ideen til campingplassen tok form.

Groven Camping hadde sin fyrste sesong sommaren 1965. Til opninga var, på den tida, eit toppmoderne sanitæranlegg og tre campinghytter klare. Det var sjølvsagt også plass til telt og campingvogner. Dei neste åra vart det bygd eit tun av campinghytter av gamle tømrar frå Groven gard og nærområdet. Tunet står framleis, og inneheld trev, låve, loft, stabbur, eldhus og «dobbelhytte». Loftet er truleg ei av dei eldste campinghyttene i Noreg med sine 700 år.

Me er i stadig utvikling

Under åras løp har det stadig blitt gjort utbyggingar, av kiosk, serveringsområde, leikeplassar, fellesstove, gamme, badedam og grillplassar. Bubilområdet med tømmestasjon og eige sanitæranlegg stod ferdig i 2015, og vår sju meter høge lafta portal stod ferdig våren 2021.

Besøk oss for eit triveleg opphald på den historiske campingplassen vår.

Du er hjarteleg velkommen!