Litt historie
Området til Groven Camping og Hyttegrend ligg på eit gamalt beiteområde til Groven gard (som du ser nord for plassen). Området blei til ein brakkeby under kraftutbygginga av Tokkevassdraget som blei avslutta tidleg på 60-talet. Det var i den perioden ideen til campingplassen tok si form.
Groven Camping hadde sin første sesong sumaren 1965. Til opninga var, på den tida, eit kjempemoderne sanitæranlegg og tri campinghytter klare. Det var sjølvsagt også plass til telt og campingvogner. Dei neste åra blei det bygd eit tun av campinghytter av gamle tømrer fra Groven gard og nærområdet. Tunet inneheld trev, låve, loft, stabbur, eldhus og "dobbelhytte". Loftet er truleg ei av dei eldste campinghyttene i Noreg med sine 700 år. Midt på syttitalet (1974) blei "hyttegrenda", dei store hyttene, ferdigstilte (10 fullutstyrte hytter) .
Under åras løp har det blitt gjort stadige mindre utbyggingar av kiosk, serveringsområde, leikeplassar, fellsstove, gamme, badedam, grillplassar med meire. Det seiste prosjektet er bubilområdet ned tømestasjon og eige sanitæranlegg frå 2015.
I dag
Groven Camping og Hyttegrend er eit godt utgangspunkt for fleire formål med sin plassering ved Åmot/Vinje sentrum og E134, midt mellom aust- og vestlandet, samt nære høgfjellsområda Rauland og Haukeli.
For dei som er på farten er plasseringa langs E134 og Åmot sentrum svært praktisk. For litt lengere opphald er Groven Camping eit godt utgangspunkt for å bruke høgfjellsområda Rauland (foten av Hardangervidda) og Haukelifjell. Plassar som Rjukan, Gaustadtoppen, Telemarkskanalen og Bø Sommarland er også innan rekkevidde.
På campingplassen er det godt med aktivitetsmogleghetar og tumleplass (sjå eiga side) i tillegg til dei sevicetilbod Åmot sentrum gjev. Fine turområde i lune omgjevnader på staden sammen med nærleiken til høgfjellsområda gjev plassen eit stort mangfold i aktivitetsmogleghetar; barneaktivitetar, turgåing, jakt, fiske, padling, roing, riding, med meir.
I Vinje er det også store mogleghetar for å oppleva spanande tilbod av lokal mat (suttreist mat) og mange forskjellige kulturattraksjonar. Om du sjekkar litt rundt (lenkar på SJÅ OGSÅ) eller snakkar med Elin og Odd Arne så kan du finne på mangt å oppleva.
Det er au mogleg å rett og slett slappe av på plassen og kose seg der.
Velkomen skal de vera!
Elin og Odd Arne