Kjenn Telemark
på kroppen
Besøk vakre Groven Camping og Hyttegrend i hjartet av Telemark. Bu i landets eldste campinghytter og hyttetun på den tradisjonsrike familiecampinga i Vinje. Me er ope heile året og har rikeleg med aktivitetar for store og små. Nyt den vakre naturen i fjellheimen og opplev samhaldet på campinga vår.
Du er hjarteleg velkomen!
Ofte stilte spørsmål
-
Har dykk gratis Wi-Fi?
-
Er sengetøy og handkle inkludert i prisen?
-
Er sluttvask inkludert i prisen?
-
Kan me parkere ved hytta?
-
Kor lenge er resepsjonen ope?
-
Når kan ein sjekka inn?
-
Når må ein sjekka ut?
-
Er det lov med kjæledyr i hyttene?
-
Har dykk ope heile året?
-
Ligg campingplassen langt frå Åmot sentrum?
Ein campingplass
midt i smørauget
Groven Camping og Hyttegrend er eit godt utgangspunkt for fleire formål. Med plassering i Åmot/Vinje sentrum og ved E134, er me midt mellom aust- og vestlandet. For dei som er på farten er plasseringa svært praktisk. For litt lengre opphald er Groven Camping eit godt utgangspunkt for å bruke høgfjellsområda Rauland og Haukelifjell, som båe grensar til Hardangervidda. Stadar som Rjukan, Gaustadtoppen, Telemarkskanalen og Bø Sommarland er også i nærleiken.