"Å kunne eg fara til Telemark og liva ei sumarstund. Der gror det ryllik på stovetak og songar på folkemunn." Per Sivle.
Groven camping og hyttegrend ligg 500 m.o.h. i lunt skogsterreng, med utsikt til bygda Åmot og attraktive naturområde. Campingen, som er oppbygd i terrassar, har i tillegg til hyttene plass til ca. 50 bubilar, campingvogner og telt.

Groven camping og hyttegrend har ei samling av åtte gamle tømmerhus frå nærområdet, i tillegg til tolv hytter av nyare dato.
Utanom mange fine turområde på staden, ligg Groven nær høgfjellsområda

Rauland: 20 km, og Haukelifjell: 60 km.
Groven er ein utprega familiestad, og ligg ca. 300 meter frå Åmot sentrum, som har dei fleste servicetilbod.

Aktivitetar og tilbod på Groven:

  • Kiosk med enkel uteservering av pizza,kaffe,vaffler,drikke.
  • Oppmerka stiar/løyper i skog og fjellterreng.
  • Stangfiske i elvefar og Ormetjønn (500 m). Gratis lån av båt
  • Badetjern med flåter og stupebrett
  • Leikeplassar og leikehytte
  • Geiter
  • Oppholdsrom med peis og tv
  • Bordtennis
  • Trampoliner
  • Bålplassar
  • Gamme
  • Tømmer hytte som barna kan bygge/sette opp sjølv